OSTEKNIV OG SKJEREFJØL

Ein skarp og stødig ostekniv samt ei god skjerefjøl er akkurat det gode ostar treng.

Vi er stolte av å ha vår eigen logo på desse gode produkta frå annerkjente Boska i Nederland. Med desse er det lett å skjere opp favorittosten og server han i godt selskap med vener og familie.

Skjerefjøla har ein hendig fasong med håndtak og hempe til oppheng, og passar like godt på frokostbordet som på buffeten. Gni inn båe sidane av fjøla med nøytral matolje før bruk fyrste gongen. Turk av overflødig olje og gjenta etter behov etterkvart som du vaskar og brukar skjerefjøla. Vaskast for hand, ikkje i oppvaskmaskin.

Ostekniven gjev deg betre kontroll over osten, og han passar særs god til å dele opp faste ostar i terningar og stavar, og til å skjere av dei harde kantane på osten. Kniven har eit knivblad på 15 cm i rustfritt stål og to handtak av tre. Han må av den grunn vaskast for hand.

PRISAR:
Skjerefjøl kr. 169,- | Ostekniv kr. 199,- | Pr sett kr. 350,-

Produktane kan du kjøpe direkte av oss på Bondens Marked, eller på vår stand under Norsk Rakfiskfestival på Fagernes fyrste helga i november. Vi har og utsal på vårt hovedkontor langs riksveg 51 på Leira. Vil du ha dei tilsendt kjem frakt i tilllegg. For spørsmål eller bestilling; send e-post ved å klikke her.