VÅRE PRODUKT

Valdresmeieriet produserer Valdres Ost som er faste guloster med og utan krydder. Osten blir laga for hand av heilmjølk frå gardar i Valdres. Osten er skore frå ostehjul som er lagra på trehyller i minimum 3 månader. Det går fint an å skive osten med ostehøvel, skjere han i terningar eller stavar, eller rive han opp for å strø på maten - alt ettersom kva du vil nytte han til. 

I tillegg produserer vi òg pultost, rømme og rakfiskmousse.