PRODUKSJON

Osten vår er handlaga av heilmjølk frå gardar i Valdres. Til 1 kg ost går det omlag 10 liter mjølk. Osten er skore frå ostehjul som er lagra på trehyller i minimum 3 månader. Det går fint an å skive osten med ostehøvel, skjere han i terningar eller stavar, eller rive han opp for å strø på maten - alt ettersom kva du vil nytte han til. 

Mjølka vert levert frå utvalde gardar i Valdres heile året. Om sumaren er kyrne på stølen og beiter i fjellområda der. Det er denne stølsmjølka Bufarost vert laga av.

PASTEURISERING

Etter at mjølka kjem til ysteriet, vert ho pasteurisert og fylt rett i ystekaret. Der startar ysteprosessen.

Les mer »

LAUPE

Den pasteuriserte mjølka vert tilsett laupe og syrekultur for at ostemassa skal skilje seg frå mysa. Mysa kan nyttast som råvare til brunost eller som dyrefôr.

Les mer »

OSTEMASSE

Når mysa er tappa ut, vert ostemassa skoren i små bitar og varma opp for å gje osten rett smak og konsistens. Denne ostemassa vert fylt i former. Her vert ostemassa pressa saman og resten av mysa vert pressa ut.

Les mer »

SALTBAD

Etter pressing vert ostane lagt i saltlake. Her ligg dei i tre døgn før dei vert dekte med eit beskyttande lag. Dette vert lagt på for hand fire-fem gonger før osten er klar for lagring.

Les mer »

LAGRING

Osten vert mogna i spesielle mogningsrom der temperatur, fukt og ventilasjon vert styrt nøye. Her lagrast osten frå tre månader og opp til eitt år. Under lagringa må ostane vendast ofte for å få jamn mogning i heile osten.

Les mer »

ANRETNING

Det går fint å skive osten med ostehøvel, skjære han i terningar eller stavar, eller rive han for å strøy på maten - alt etter kva du vil nytta han til.

Les mer »