ORDLISTE

Det har i lang tid vore stor tradisjon for osteproduksjon i Valdres. Kunnskapen gjekk i arv og det var vanleg å yste på stølane om somrane. Om den osten kunne dei seie:

"Østen æ sjele god i eplegrafsten, best i skur'n
og kan etast te bisk attve smør og eple."

Og for dei som ikkje er født og oppvaksne i dalføret kan det her vera kjekt med ei enkel ordforklaring:

Attve - ved sida av
Bisk - det fyrste (eller andre) måltidet om morgonen
Biskemat - mat som ein åt til bisk.
Duggurds - måltid midt på dagen.
Eple - potet
Eplegrafsten - når potetane vart takne opp om hausten
Kakeskive - brødskive
Klining - flatbrød med smør på
Sjele - veldig
Skur'n - tida då kornet vart hausta inn
Øst - Ost