ÅRETS MATSPIRE 2015

Matmerks vandrepris Årets Matspire for 2015 gjekk til Valdresmeieriet. Premien er markedsrådgjeving fra Matmerk verdt 100 000 kr. Prisen vart delt ut under Det Norske Måltid i Stavanger, og vinnaren er vald ut bland dei åtte kategorivinnarane i konkurransen.

Juryen begrunnar prisen med at Årets Matspire er eit nylig lansert kvalitetsprodukt med stort markedspotensiale; både forbrukarane, matkjedene og kokkane ynskjer fleire gode, norske ostar. Produsenten vert lyfta fram som ein viktig lokal aktør som har bidratt til å utvikle og innovere i Valdres.

I juryen sat innkjøpsdirektørane Tor-Helge Gundersen, Øyvind Andersen og Martin Klafstad saman med fagsjef Frode Kristensen i Matmerk.

Ambisjonen til Valdresmeieriet er å auke produksjonen med 30 prosent kvart år og å produsere lokale kvalitetsostar heile året.

http://www.detnorskemaltid.no/vinner-viktig-matpris-valdres-ost-viser-voksevilje/

(Foto: Det norske måltid)