VALDRESMEIERIET

Valdresmeieriet Årets Matspire 2015

Matmerks vandrepris Årets Matspire for 2015 gjekk til Valdresmeieriet. Premien er markedsrådgjeving fra Matmerk verdt 100 000 kr.

Prisen vart delt ut under Det Norske Måltid i Stavanger, og vinnaren er vald ut bland dei åtte kategorivinnarane i konkurransen.

Juryen begrunnar prisen med at Årets Matspire er eit nylig lansert kvalitetsprodukt med stort markedspotensial; både forbrukarane, matkjedene og kokkane ynskjer fleire gode, norske ostar. Produsenten vert lyfta fram som ein viktig lokal aktør som har bidratt til å utvikle og innovere i Valdres.

I juryen sat innkjøpsdirektørene Tor-Helge Gundersen, Øyvind Andersen og Martin Klafstad saman med fagsjef Frode Kristensen i Matmerk.

Ambisjonen til Valdresmeieriet er å auke produksjonen med 30 prosent kvart år og å produsere lokale kvalitetsoster heile året.

http://www.detnorskemaltid.no/vinner-viktig-matpris-valdres-ost-viser-voksevilje/