RÅVARE

Familien Wangensten etablerte i 2011 Wangensten Fisk AB og driv i dag eige oppdrettsanlegg og slakteri i Sverige. I dei friske fjellvatna i Jämtland får fisken vekse seg stor og fin under dei beste tilhøve, og så nær opptil dens naturlege habitat som mogleg. Vi nytter kun regnbogeaure til rakfisk og frå 2015 har vi konsesjon på 850 tonn fòr pr år. Biletet over syner merdanlegget i Storsjön i vakker soloppgang ein tidleg novembermorgon.

Når fisken er stor nok blir han slakta og transportert til Valdres same dag. I vårt produksjonslokale på Leira i Valdres vert fisken vaska, salta ned og sett til mogning. Etter minimum 6 månader er fisken rak og kan pakkas og sendast ut på marknaden.

For meir informasjon, sjå www.wangensten.se, eller kontakt oss på tlf: 61 36 23 00.