SPANN

SPANN
Vi sel spann i to storleikar; 5 og 10 kg. I spannet ligg det heil fisk lagvis med lake. Fiskane i spann på 5 kg er mellom 400 - 500g, og det er ca. 10-12 fiskar i spannet. Fiskane i spann på 10 kg er mellom 500 - 700g, og det er ca. 15-17 fiskar i spannet. Spann får du kjøpt i vårt fabrikkutsal på Leira, men du kan også få kjøpt i ferskvaredisken i butikkane rundt om.

Slik kokar du lake for etterfylling:
Kok opp 50 g salt per liter vatn, som du deretter avkjøler heilt og heller over fisken. Fisk i spann eller butt må heile tida ha lake som dekker fisken, og du må vera særs nøye med handhygiena når du skal handtere rakfisken. Bruk gjerne eingångshanskar for å vera trygg på at du ikkje tilfører bakterier. Hanskar brukar vi for å unngå at fisken skal bli forureina, og ikkje for at ein skal sleppe å søle til hendene. Difor kan det òg vera lurt å opne spannet før ein tek på seg reine hanskar.