PRODUKSJON

Rakfisk er ein gamal norsk mattradisjon. I produksjonslokalet vårt på Leira i Valdres har me brukt desse oppskriftene, og sett dei inn i moderne produksjon.

Det blir brukt fersk aure, som blir vaska grundig etter slakting. Fisken blir salta, og lagt lagvis i spann med buken opp. Dernest blir fisken dekt til med saltlake, før han blir sett til modning. Så kjem modningsperioden (fermenteringsprosessen), som er avhengig av ei nøyaktig og kontrollert temperaturstyring. Me har kome fram til at det beste produktet får ein ved å modne på låg temperatur over lang tid.

Fisken følgjer ei uavbroten kjølelinje frå oppdrettsanlegget vårt i Jämtland til produksjonen i Valdres, og heilt ut til kunden. Produksjonslokalet på Leira i Valdres har særs høg standard, og er spesialinnreidd for rakfiskproduksjon. Her finst nøyaktige rutinar for reinhald, og høgstandardutstyr for luftreinsing, kjøling og desinfisering. Alle tilsette får opplæring og oppdateringar i hygiene og rutinar for reinhald. Alt dette blir gjort for å sikre eit godt og trygt produkt til kundane våre.

Moderne rakfiskproduksjon foregår under strenge krav og forskrifter. Det blir teke prøver både av råvarene og dei ferdige produkta før dei blir levert til marknaden. Me rår gravide og personar med nedsett immunforsvar frå å ete rakfisk, - nett som at dei ikkje bør ete annan mat som ikkje er varmebehandla.