OPPBEVARING

Rakfisk er eit sensitivt produkt som krev rett oppbevaring.

Ferdig modna rakfisk skal aldri oppbevarast over
+ 4 °C. Legg han i kjøleskap eller kjølerom, så held han seg så lenge som oppgitt. Rakfisken er haldbar i eitt døgn etter at pakka er opna. Rakfisk skal serverast temperert.
For dei som føretrekker rakfisk med kraftigare smak, kan fisken oppbevarast eitt til to døgn i opp til + 8 °C.

Rakfisk eignar seg godt til frysing i vakuumpakka tilstand, og då stoppar også modningsprosessen.

Fisk i spann eller butt må heile tida ha lake som dekker fisken. Lake for etterfylling kan du lett lage sjølv. Kok opp 50 g salt pr. l vann, som du deretter avkjøler heilt og heller over fisken.

Du må vera særs nøye med handhygiena når du skal handtere rakfisken. Bruk gjerne eingångshanskar for å vera trygg på at du ikkje tilfører bakterier. Hanskar brukar vi for å unngå at fisken skal bli forureina, og ikkje for at ein skal sleppe å søle til hendene. Difor kan det òg vera lurt å opne spannet før ein tek på seg reine hanskar.