HISTORIE

På garden vår Færden i Valdres har familien raka fisk i generasjonar. Alt på 1800-talet begynte me å hente ut aure frå vatna omkring og foredla fisken på garden. Etter kvart flytte me produksjonen til meir moderne lokale, men oppskriftene og krava til kvalitet og smak er dei same.

Frå vårt eige oppdrettsanlegg i dei Jämtlandske fjellvatna har me tilgang til fersk fisk heile året, og slik er me sikra rett mogning. At me har lykkast, er stadfest år etter år i rakfiskmeisterskap og ved at me er blitt landets største rakfiskprodusent. Når du legg eit stykke rakfisk frå Wangensten på tallerken, skal du førebu deg på eit festmåltid.

Rakfisk er ein gamal norsk mattradisjon som går tilbake til middelalderen. Begrepet rakfisk er fyrste gong omtalt i 1348, i offentlege dokument frå Jämtland, men kan sannsynlegvis stadfestas endå tidlegare. Vi er difor stolte over å kunne hente ut dei fantastiske råvarene våre frå det friske fjellvatnet i Jämtland, for så å foredle han til rakfisk i Valdres.

Til rakfisk vart det brukt både aure, røye, sik og sild, medan det i dag stort sett er aure som blir brukt. Hovudtyngda er oppdrettsfisk av regnboge-aure, men også fjellaure blir brukt. Tidlegare laga ein rakfisk både i Trøndelag, Møre og Romsdal og Nord-Noreg, men med dei store dalføra på Austlandet som kjerneområde.

I dei siste tiåra er det Valdres som er blitt eksponent og hovudsete for nesten all rakfiskproduksjon i Noreg. Rakfisk er i dag synonymt med Valdres og har vorte eit begrep som for skjønnarar er ein utmerkt delikatesse av ypparleg kvalitet. Noreg er elles ikkje aleine om denne konserveringsmetoden. Tørking, salting og fermentering er dei eldste kjente metodane for konservering av mat, og blir rekna for å vere minst 5000 år gamle. Sverige, Island, Noreg, Russland og andre stader i Europa, Japan, Kina og Søraust-Asia har tradisjonar langt tilbake. Framleis blir denne metoden nytta i desse landa.