Rakfisksalat med purrelauksdressing

Tid: 15 minutt          4 personar

Du treng:
ca. 250-300 g rakfiskfilet
1 pk. rucolasalat
1 pk. raddichosalat
1 pk. raddicho rosso
1 stk. raudlauk
5 stk. reddik
½ raud paprika
1 plommetomat
1 vårlauk

Dressing:
1 beger seterrømme
1 liten purrelauk
salt og pepar.

Slik gjer du:
Skjer purrelauk fint med kniv og tilset seterrømme, smak til med salt og pepar.
Vask og riv salaten i bitar. Skjer opp alle ingrediensane og bland salaten lett saman. Tilset rakfisken i terningar heilt til slutt. Hell dressingen over rett før servering, eller du kan servere han ved sida av.

Rakfisk med rødbetsmør og fritert persille

Du treng: 240 g rakfisk, 100 g usaltet smør, 1 rødbet, 2 stk sjalottlauk, 2 ss sukker, 1/2 flaske eplemost, ein bunt persille, 2 dl rapsolje.

Les meir »

Rakfisk som sushi

Du treng: ca. 300 g rakfiskfilet, 1 pk potetlefse, soyasaus/fungi
wasabi, sushi nori (japansk tang).

Les meir »