Rakfiskmousse

Tid: 10 minutt          4-8 personar

Du treng:
300 g rakfiskfilet
1,5 dl creme fraiche eller seterrømme
6-7 grøne purreringar
(litt salat og toast)

Slik gjer du:
Bland rakfisk, purreringar og creme fraiche i ein hurtigmiksar. Bør ikkje blandast for lenge, det skal vere litt grovt, med småbitar av fisk og purre synleg i moussen. Anrett han på ein tallerken med nokre salatblad og rista brød. Moussen kan også sprøytast på tallerken og serverast med potetlefser eller flatbrød til. Eignar seg også som pålegg på brødskiva.

Drikkeforslag:
Rakøl eller lettøl.

 

Rakfisk med avokado

Du treng: Ca. 250 -300g rakfiskfilet, 1-2 avocadoar, sitron, rista pinjekjernar, seterrømme, parmesan, tyttebær.

Les meir »

Rakfiskhakk

Du treng: 200 g rakfiskfilet, 2 hardkokte egg (finhakka), 4 ss purrelauk (finhakka), 4 ss rødbeter (finhakka), setersmør, potetlefser, flatbrød.

Les meir »