Rakfiskhakk

Tid: 15 minutt          4 personar

Du treng:
200 g rakfiskfilet
2 hardkokte egg (finhakka)
4 ss purrelauk (finhakka)
4 ss raudbeter (finhakka)
setersmør
potetlefser, flatbrød

Slik gjer du: 
Start med å finhakke rakfisken. Legg rakfiskhakket på plastfolie og rull det saman, lag rette kantar på rullen. Set rakfiskhakket i kjøleskapet. Så finhakkar du egg, purre og raudbeter. Lefse med smør skjer du i små firkantar. Ta ut rakfiskhakket og skjer det i fire like firkantar. Ta av folien. Legg fyrst rakfiskhakk på tallerkenen, så legg du ei lefse ved sida av og dernest finhakka egg, purre og raudbeter oppå lefsa. Legg resten av lefsene på den andre sida av rakfiskhakket. Du kan sjølvsagt bruke flatbrød òg.

Rakfiskterrin med purre

Du treng: Ca. 600-700 g rakfiskfilet, ½ l seterrømme, 5 plater gelatin, 1 stor purre med lange grønne blad, friske urter, for eksempel timian og oregano, 1 persillerot, raudvin.

Les meir »

Wraps av rakfisk

Du treng: Ca. 250 - 300 g rakfiskfilet, 1 pk tortillalefse, 1 pk philadelphiaost naturel, 1 pk ruccolasalat, 2 stk plommetomatar, 1 stk vårlauk.

Les meir »