Rakfisk som sushi

Tid: 20 minutt     4 personar

Du treng:
ca. 300 g rakfiskfilet
1 pk potetlefse
soyasaus/fungi
wasabi
sushi nori (japansk tang)

Slik gjer du:
Legg ei lefse på ei bambusmatte. Legg så tangen sushi nori på ca. 1/3 av lefsa. Legg deretter på ei stripe med wasabi som du stryk på kanten av tangen. Strimle rakfiskfileten og legg han på. Rull det saman inne i bambusmatta (akkurat som sushi). Skjer det opp i 2-3 cm breie stykke med ein skarp kniv. Set stykka på høgkant og anrett dei på eit fat. Server dei saman med soyasaus eller fungi.

Drikkeforslag:
Rakøl eller lettøl.

Rakfisk med avokado

Du treng: Ca. 250 -300g rakfiskfilet, 1-2 avocadoar, sitron, rista pinjekjernar, seterrømme, parmesan, tyttebær.

Les meir »

Rakfisk tradisjonell

Du treng: Ca. 600-800 g flådd rakfisk, 4-8 lefser, 10-12 mandelpoteter, flatbrød, meierismør eller setersmør.

Les meir »