Lille mix

Tid: 20 minutt     4 personar

Du treng:
150-200 g rakfiskfilet
10 saltkokte mandelpotet
1 avocado
Seterrumme
Chili

Slik gjer du:
Del mandelpotetane i centimetertjukke skiver og skjær rakfiskfileten i bitar. Del avocadoen i to, fjern steinen og del kvar halvpart i fine skiver. Finhakk ein chili, utan frøa, og bland inn i rummen. Legg potetskiva på fat med ei skive avocado oppå. Dernest legg du rakfiskbiten oppå før du avsluttar med ein klikk chilirumme på toppen. Pynt med litt bladpersille.

Drikkeforslag:
Rakøl eller lettøl.