OM OSS

Wangensten AS er ei familiebedrift som i dag vert drive av 4. generasjon rakfiskprodusent.
Jørn Wangensten har dei siste ti åra vore dagleg leiar for bedrifta han eig i lag med foreldra Berit og Olav.

Produksjonsanlegget ligg i dei tidlegare lokala til
Nord-Aurdal meieri på Leira i Valdres. Her produseres det årleg omlag 180 tonn rakfisk for det norske markedet og det gjer Wangensten til den største rakfiskprodusenten i landet. I tillegg til rakfisk sel Wangensten òg Rakøl - eit spesialbrygga øl som passar perfekt til rakfiskmåltidet - og ost frå eige ystri.

Gå til kontaktinformasjon