RAKFISKFESTIVALEN 2016

Publisert 3. november 2016

I tre dagar til ende er det folkefest i Valdres med rakfisken i hovudsetet. Nytt av året er at rakfiskløypa med salgsboder er utvida med ein opningsdag. Difor byrjar moroa allereie torsdag, og held fram til og med laurdag ettermiddag.


Vi er på plass alle dagar med vår rakfisk, rakfiskmousse, rømme, valdresost, pultost, yoghurt og feta. Alt du treng for å stelle i stand eit festmåltid i lag med familie og gode vener.

Wangensten og Valdresmeieriet sin stand er plassert framfor varden ved COOP sin inngang. Valdresmeieriet er i tillegg å finne i lokalmatmarknaden i teltet på Skiferplassen torsdag og fredag. Laurdag vert lokalmatmarknaden erstatta av smaksprøver på rakfisk.

Vi ynskjer alle kunder og besøkande hjartleg velkommen til Valdres og rakfiskfestivalen. Vi gler oss!