PERFEKT TURMAT

Publisert 4. oktober 2016

Rakfiskmousse i lefse - superenkel turmat som smakar godt!

Om du skal ut på tur vert det alltid litt meir triveleg om ein har med noko godt i sekken som ein kan gle seg til. Ta deg tid til ein pust i bakken, sleng deg ned i lyngen og nyt utsikta. Slike matpauser i naturen er rein rekreasjon for sjel og sinn.

Med ein boks rakfiskmousse i sekken er du godt på veg til å gjere nista litt meir spanande. Ta óg med ei skjærefjøl, ein kniv og ei pakke lefse, så kan du smøre lettvinn, god og sunn turmat i naturen. Og med ein liten rakøl attved blir måltidet ein fest.

Rakfiskmousse i lefse er perfekt turmat som er god og enkel å laga i stand ute i naturen.
God haust og god tur!