MÅLPRISEN 2016

Publisert 16. februar 2016

På årsmøtefesten til Valdres Mållag i Reinli søndag vart Wangensten AS tildelt Målprisen 2016 fordi språk og valdreskultur er viktige element i merkevarebygginga til Wangensten. Leiar i Valdres Mållag, Reidun Dølehuset, kunne fortelja at konsernet får målprisen fordi konsernet bruker nynorsk både på nettsider og produkt, som hovudsakleg består av rakfisk og ost.

Ost og rakfisk over heile landet
Blant tidlegare prisvinnarar er Vinjerock, Sparebank 1, Ørnulf Juvkam Dyve i Staut, Valdres Gjestegard og Valdres Mathus.

Wangensten AS har fått fleire prisar for produkta sine, og dotterselskapet Valdresmeieria AS fekk i 2015 Matmerks vandrepris, «Årets matspire».

- Målprisen er ein stor inspirasjon for oss til å halde fram med å bruke nynorsk på produkta våre, sa Jørn Færden Wangensten, då han og kona Turid Færden Wangensten tok imot prisen.

(Faksimile fra Avisa Valdres, tekst og foto: Bjørn Karsrud.)