ÅRETS PRODUKSJON ER I RUTE

Publisert 21. mars 2017

Allereie 9. janaur var førebuingane til årets sesong igang for fullt. Med fyrsteklasses råvarer frå krystallklare vatn, og med kvalitet og mattryggleik i førarsetet, saltar vi no ned auren med stor kjærleik for å lage smaksrik og god rakfisk til dykk.

Fisken svemjer i merder og held særs høg kvalitet. Han vert henta opp av vatnet, og slakta på vårt nye anlegg i Jämtland. Dernest vert fisken lagt på is og transportert over natt til produksjonsanlegget vårt på Leira i Valdres. Her vert fisken vaska og kontrollert før han vert salta ned og satt på mogningslager. Når fisken er ferdig mogna vert han på ny testa før han vert pakka og sendt ut til butikkane.

Den fisken som vert lagt ned til mogning i desse dagar, er klar for butikkhyllane til hausten. Det vil si at all fisk frå Wangensten er lagra i minimum 6 månader før han er klar for marknaden.