Rakfisk som snacks

Tid: Ca. 5 minutt           1 person

Du treng:
1 pk. Wangensten Rakfisk halv filet
Godt smør
Seterrømme
Flatbrød
Raudlauk eller purre

Slik gjer du:
Skjer rakfisken opp i høvelege bitar. Ha smør på flatbrødet og fordel bitar av rakfisk oppå. Topp det heile med ein klatt rømme og litt lauk eller purre om du vil.

Drikkeforslag:
Rakøl eller lettøl.