Rakfisk med rødbetsmør og fritert persille

Tid: Ca. 35 minutt           4 personar

Du treng:
240 g rakfisk
100 g usalta smør
1 raudbete
2 stk. sjalottlauk
2 ss sukker
1/2 flaske eplemost
ein bunt persille
2 dl rapsolje

Slik gjer du:
Kutt rakfisken i porsjonsstykke. Finhakk sjalottlauk og raudbete og ha det i ei varm steikepanne saman med sukkeret. Steik til sukkeret har karamellisert seg, og hell eplemost over. Kok ned væska til ca. 2 dl, og rør inn 100 g smør. Smak til med salt og nykverna pepar.

Reins persille og sprøsteik blada i varm olje i ca. 10 sekund. Slepp blada i olja med ei bestemt rørsle, og ta eit skritt tilbake for å unngå den glovarme oljespruten. På tallerkenen legg du fyrst raudbetesmør, så rakfisk til slutt, toppa med fritert persille.

Drikkeforslag:
Rakøl eller lettøl.