Rakfisk i galla

Tid: 15 minutt          4 personar

Du treng:
250-300 g rakfiskfilet
1 pk. potetlefse (kvadratisk ca. 16 cm x 16 cm)
philadelphiaost naturell
purre

Slik gjer du:
Smør eine sida av lefsene heilt kvit med ost. Legg rakfiskstrimlar på diagonalt langs midten. Pynt med litt purre. Brett inn dei to hjørna utan rakfisk som ein jakkekrage.

Drikkeforslag:
Rakøl eller lettøl.