Wraps av rakfisk

Tid: 15 minutt          4 personar

Du treng:
Ca. 250-300 g rakfiskfilet
1 pk. tortillalefse
1 pk. philadelphiaost naturell
1 pk. rucolasalat
2 stk. plommetomatar
1 stk. vårlauk

Slik gjer du:
Smør philadelphia tynt på tortillalefsene. Legg ei remse rakfisk langs midten. Legg hakka vårlauk over og strø litt opphakka plommetomat over. Legg ein god handfull rucola ned langs midten. Rull saman og skjer i porsjonsbitar.

Drikkeforslag:
Rakøl eller lettøl.