Rakfiskterrin med purre

Tid: 30 minutt (må lagast dagen før)     10 personar

Du treng:
ca. 600-700 g rakfiskfilet
½ l seterrømme
5 plater gelatin
1 stor purre med lange grøne blad
friske urter, for eksempel timian og oregano
1 persillerot
raudvin

Slik gjer du:
Reins purren og forvell blada i kokande vatn. Avkjøl han raskt i isvatn. Kle ei lita brødform (ca. 1 liter) med bakepapir og kle botn og kantar med lange purreblad. Hakk urtene og bland med rømmen. Tilset gelatin. Strimle rakfisken på langs og legg han lagvis i forma med urterømmen. Begynn og slutt med rømme. Brett purreblada over og set forma i kjøleskap til neste dag. Reins og skrell persillerot og skjer i stavar. Kok stavane i raudvin til dei er møre. Ta rakfisken ut av forma neste dag og skjer han i ca. 1-2 cm tjukke skiver med skarp kniv, gjerne ein kniv med sagblad. Anrett han på tallerken rett før servering og pynt han med persillerotstavane.