Rakfisk med avokado

Tid: 15 minutt          4 personar

Du treng:
ca. 250-300g rakfiskfilet
1-2 avokadoar
sitron
rista pinjekjernar
seterrømme
parmesan
tyttebær

Slik gjer du:
Del avokadoane i to og ta ut steinen. Skjer avokadoen i skiver og legg dei som ei vifte på tallerkenen. Klem over litt sitronsaft så avokadoen beheld fargen. Legg på tynne, fine skiver av rakfisk og drys over rista pinjekjernar. Legg på ei stor skei seterrømme og pynt med nokre tyttebær. Riv litt parmesan over det heile og server med flatbrød eller rista brød ved sida av.

Drikkeforslag:
Rakøl eller lettøl.