Suppe med rakfiskspyd

Tid: Ca. 20 minutt             4 personar
 
Du treng:
10 jordskokkar
1 l vatn
1 dl kremfløyte
2 ss usalta smør
1 ts salt
1/2 ts pepar
200 g rakfisk
4 stk. grillspyd
 
Slik gjer du:
Start med å lage suppa; skrell 8 jordskokkar og legg dei i ein kjel. Tilset vatn til det dekker, og hell i så mykje fløyte at væska blir kvit. Det er viktig at fløyten kokar med, elles blir jordskokkane brune. Bruk ikkje salt. La det koke til jordskokkane er møre. Ta vare på kokevatnet. Legg jordskokkane over i ein foodprocessor saman med litt smør, og køyr til det blir ein glatt mos. Hell mosen tilbake i kjelen og spe med kokevatnet til passe suppekonsistens. Smak til med salt og pepar. Skjer rakfisken i fine terningar og tre rakfiskterningane på spyda, som du legg på tvers av suppebollen. Pynt med ein timiankvist.