Rakfisk som sushi

Tid: 20 minutt     4 personar

Du treng:
ca. 300 g rakfiskfilet
1 pk potetlefse
soyasaus/fungi
wasabi
sushi nori (japansk tang)

Slik gjer du:
Legg ei lefse på ei bambusmatte. Legg så tangen sushi nori på ca. 1/3 av lefsa. Legg deretter på ei stripe med wasabi som du stryk på kanten av tangen. Strimle rakfiskfileten og legg han på. Rull det saman inne i bambusmatta (akkurat som sushi). Skjer det opp i 2-3 cm breie stykke med ein skarp kniv. Set stykka på høgkant og anrett dei på eit fat. Server dei saman med soyasaus eller fungi.

Drikkeforslag:
Rakøl eller lettøl.