Rakfiskcanapéar

Tid: 15 min          4-6 personer

Du treng:
ca. 400 g rakfiskfilet
1 pk. potetlefser (ca. 16 cm x 16 cm store)
salatblad
tannpirkarar (utan tilsett smak)
eventuelt finhakka purre
seterrømme

Slik gjer du:
Smør ei kvadratisk lefse med smør og dekk med tynne salatblad. Legg eit tynt lag med skiver av rakfisk over det heile, med eventuelt litt finhakka purre og eit tynt lag med rømme. Rull lefsa fast saman og lås henne med tannpirkarar med ca. 2 cm avstand mellom kvar. Bruk ein skarp kniv og skjer rullen i skiver mellom kvar tannpirkar.
Server som fingermat til forrett eller nattmat.

Drikkeforslag:
Rakøl eller lettøl.